På lokaliteten vart det grave 6 prøvestikk, 3 av desse var funnførande. PS 1, 2 og 3 hadde alle funn av flint. Det vart ikkje gjort funn i PS 4, men det var mykje trekol, dette vart tolka som ein mogleg eldstad. Til saman vart det gjort 4 funn. PS 3 og PS 2 hadde tilnærma lik stratigrafi, torva var 10-15 cm tjukk, så følgde eit 20-25 cm tjukt lag med stein og humus. Under desse laga var det funnførande laget, det bestod av sand og grus iblanda nevestor og stor stein, dette var 20-25 cm tjukt. I PS 2 var det ein stor stein i botn, mens det var grågrønn sjøbotn i PS 3. PS 1 hadde ein noko anna stratigrafi. Her var det funnførande laget like under 15 cm torv. Laget var noko humushaldig sand og grus og om lag 20 cm tjukt. I laget her var det funn av eit mogleg flatretusjeringsavslag. Lokaliteten ligg på mellom 10-15 moh på ei lita flate i skogkledd terreng. Då det er gjort ei avgrensa mengde funn er lokaliteten truleg eit aktivitetsområde og ikkje ein buplass. Lokaliteten er avgrensa av negative prøvestikk og topografi i nord, aust og vest, og i sør av fleire negative prøvestikk.
Museums nr. B18910 og B18911