• 135110

    id
    • 135110
    datafangstdato
    • 2006-10-11T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2010-03-17T12:44:57Z
    informasjon
    • Hellarane ligg i eit nord-sør gåande bergalag. Det er skote ein opning i bergalaget for å kome fram til gruveanlegget i vest. Hellar 1 ligg like nord for stien/vegen. Lenger nord for hellar 1 finn ein til saman 3 mindre hellarar. Det vart teke to prøvestikk, eit negativt i hellaren lengst mot nord og eit positivt i hellaren i midten (dei to nordlegaste hellarane heng nærast saman). Hellar 1: inne i hellaren er det ei lita oppmuring/ruin etter ei tuft. Hellaren er 25 m lang (nord-sør) og 4 m brei (aust- vest). Dråpefallet er ca 3 m ut frå botn. Hellaren smalnar inn mot endane i nord og sør. Tufta inne i hellaren måler 3x4m (orientert n-s). Tufta kan strekke seg lenger. Det er lite vegetasjon, to store lauvtre står i den sørlege delen av hellaren. Elles er hellaren omkransa av lauvskog og furu. I den sørlige delen av hellaren er det nokre nedrasa steinblokker, elles er det lite nedrasa stein. Prøvestikk 1 er teke rett før tufta, inne i hellaren, her var det homogen fylittmasse, med enkelte trekolbitar. Brun til raudbrun på farge. PS 2 er teke ½ m sør for tufta. 0-15 cm: lys brun sand/grus, noko humus. 15-30/40 cm: mørkt brunt sand/gruslag med mellom anna trekol og keramikk. Under er det gulbrun/lysbrun sand/grus (10-15 cm) og berg. Ut i frå funna er det sannsynleg vert det rekna som truleg at det har vore aktivitet i hellaren i jernalderen. Hellar 2: hellaren måler 8 x 1,5 m (NS-AV) og er om lag 3-3,5 m høg. Prøvestikket vart teke om lag midt i hellaren. Dei fleste funna vart gjort i nedste del av prøvestikket. Prøvestikket hadde følgjande stratigrafi: 0-10 cm torv, 10-30 cm grå til gråbrun jord med mykje fylitt og stein. 30-35 litt mørkare masse, antydning til trekol. Ut frå funna vert det rekna som truleg at det har vore aktivitet i hellaren i steinalderen.
    kommune
    • 4613
    kulturminneId
    • 135110
    lokalId
    • 135110
    målemetode
    • 96
    nøyaktighet
    • 200
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217