Lokaliteten ligg i dyrka mark med fleire mindre og større haugar. Under registreringa vart dei mindre haugane undersøkt ved maskinell flateavdekking. Ingen av haugane viste teikn til å vere bygd av menneske, men det vart avdekka 1 struktur, A1, i kanten av ein av haugane. Strukturen hadde trekolhaldig masse og det vart funne 1 bryne i kvarts, jernfragment, bronseflak og store beinfragment. Strukturen vart snitta og det viste seg å vere svært lite att av nedgravinga, men ut frå funna er det rimeleg å anta at strukturen er restar etter ei flatmarksgrav.