Tufta er kvadratisk og måler 12,4x10,8 m. Tufta er orientert mot N-S i lengderetninga. Muren framstår som ufullstendig i N. I A er muren i betre forfatning med to parallelle steinrekkjer med lausmassar i mellom (kistemuring). Det SA-lige hjørnet er klart markert, elles er muren i S noko ufullstendig. I V inntil vegen er muren i dårlig forfatning, noko som mest trulig kjem av vegarbeidet. Avdekking av torv inne i tufta synte eit mulig golvfundament beståande av mindre heller. Tufta er synlig på overflata som svake forhøgningar, men er attgrodd av torv og gras. Tufta er mest trulig frå mellomalderen og kan setjas i samanheng med mellomalderkyrkja på V-sida av vegen. Ei mogelig tolking er at tufta representerar prestebustaden, eller den såkalla kyrkjestova. Kyrkjestova var ein opphaldsplass for langvegs reisande kyrkjegjengarar.