Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg på austsida av hovudvegen, i ei oppdyrka skråning med helling mot aust. Lokaliteten er definert av ei funnførande sjakt, og vert avgrensa av funntomme sjakter i nord og sør. I aust vert den naturleg avgrensa av eit fuktig/myrlendt område i botnen av skråninga. Her går det også ei moderne dreneringsgrøft
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I sjakt 2, frå om lag 9,5-12,5 meter frå enden i vest, vart det påvist eit opp til 25 cm tjukt lag med raudbrun seig masse (lag 4), som vart tolka som eit førhistorisk dyrkingslag ( figur 9 og 10). I botnen av dette laget låg eit om lag 2-5 cm tjukt svart, kolhaldig lag (lag 5), også tolka som eit dyrkingslag/avsviingslag. Dette laget hadde ei noko diffus avgrensing, særskilt i vest om lag 9,6-10,8 meter frå sjaktenden. Ein trekolprøve frå lag 5 i sjakt 2 vart send inn til Nasjonallaboratoriet for 14C-datering ved NTNU i Trondheim.