Sjakt 25 er 14,5 meter lang og 3,6 meter brei (figur 27). Den er lagt over ein bergrygg i nord-sør retning. Overdekninga er 30-40 cm tjukk, bortsett frå i nordre enden der den er om lag 1 m tjukk. Undergrunnen er forvitra fjell, berg, aur og raudbrun silt. Dei fyrste 8 metrane frå enden i sør er det ganske flatt, medan resten av sjakta heller gradvis meir mot nord.