Beskrivelse fra lokalitet:
Den funnførande sjakt 29 er 19 meter lang og 3,8 meter brei. I dei fyrste 10 metrene frå enden i nordaust heller terrenget ein del, medan det på ti meter er ein knekk i terrenget, og hellinga blir sterkare frå her og til enden i sørvest. Fram til 10 meter var det 30 cm med overdekning, mens det i resten av sjakta er frå 40-120 cm overdekning. Undergrunnen er raud aur/grus og berg, til dels forvitra. Heilt mot enden i sørvest er det fuktig og leire i botn.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Frå om lag 10-15,5 meter frå enden av sjakt 29 i nordaust, vart det påvist to dyrkingslag i den søraustre delen av sjakta. Det nedste laget (lag 4) var opp til 15 cm tjukt og massa i laget var av kompakt, mørkbrun, nesten svart sterkt kolhaldig jord. Over dette laget låg eit anna dyrkingslag (lag 3). Lag 3 likna ein del på lag 4, men var noko ljosare på farge. Ein trekolprøve frå lag 4 i sjakt 29 vart send inn til Nasjonallaboratoriet for 14C-datering ved NTNU i Trondheim, og vart datert førromersk jernalder.