Den ca 1-2 m breie og inntil 0,5 m høge steingarden innhegnar eit større område. Muren består av rullestein. Opninga på innhegninga ligg i NV. Den nordlige langsida strekkjer seg ca 43,3 m mot S. Lengst i N er enden av steingarden, ved opninga forankra i berg. Frå den S enden av den nordlige langsida går steingarden ca 38 m mot SA og dannar ei SV langside. Steingarden er her synlig som ein svak forhøgning, som ligg N for og delvis parallelt med klosterstien før den svingar svakt mot NA. I byrjinga av svingen går ein avstikkar ut frå muren og over klosterstien og kan ha ein samanheng med lok. 11. Muren svingar så mot ANA langs den sørvendte skråninga mot kyrkjetufta og dannar den sørlige langsida. Strekninga er på ca 63 m før muren svingar mot N i retning Skitnevika og dannar den austlige langsida. Den austlige langsida er på ca 27 m. Muren svingar så mot NA og går ca 40 m attende til bergknausen og opninga i NV. Innhegninga er omtalt av biskop Neumann i 1817, som omtalar den som: en forfallen mur som vitner om meget høy elde, og dertil eldre enn murene rundt kirkegården på Bø. Ei mellomalderdatering på innhegninga er derfor ikkje usannsynlig. Innhegninga kan og om mulig knytas til mellomaldergarden Øvrebø, som er omtalt i Bergens Kalvskinn. Plasseringa på garden er derimot ukjent.