Lokalitet 2 ligg på ei lita flate nordvest på Søvikneset. Lokaliteten er avgrensa i nord av ei bratt skråning ned til sjøen. I vest er den avgrensa av berg, og elles av negative prøvestikk. Det var eitt funnførande prøvestikk på lokaliteten (PS 1), og i dette vart det påvist eit trekolhaldig lag, moglegvis ein eldstad. Det vart funne ei kjerne i kvartsitt med påbyrja flateretusjering, og flateretusjeringsfliser i kvartsitt.