Lokalitet 3 ligg vest på Søvikneset, like aust for ein kolle og ved kanten av ei myr. Lokaliteten er påvist i eitt positivt prøvestikk (PS 1) og delvis i sjakt 10, og er avgrensa av negative prøvestikk. PS 1 var om lag 35 cm djupt. Under torva låg mørk brun sand med noko spreidd trekol. Under dette låg rustraud sand med noko grus. I lag 2 vart det funne eitt avslag av rhyolitt og eitt av kvarts. Sjakt 10 vart grave i retning NA-SV i ei slak skråning ned mot myra, noko søraust for PS 1. Sjakta var om lag 8 meter lang og 3 meter brei. I SV ende var sjakta 20-25 cm djup, i NA ende har terrenget skråna bratt nedover. I SV ende av sjakta vart det funne eit avslag i rhyolitt.