Det vart grave fem prøvestikk på og ved lok. 2 - to funnførande (nr. 10 og 11) medan resten var funntomme. I prøvestikk (PS) 10 vart det funne tre avslag/bitar av kvarts og flint. Funna vart gjort i både bøttelag 1 og 2, noko som gjer det mest sannsynleg at det er lag 3 som må reknast som det funnførande laget i prøvestikket. Det vart ikkje påvist trekol i nokon av dei stratigrafiske laga i dette prøvestikket.