Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med rest av åkerrein.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Rest av åkerrein. Synleg som ein ca. 2,5 x 6,5 m stor struktur langs med den vestre profilen til sjakta. Det vart grave ei lita sjakt på 45 x 60 cm på tvers av strukturen, for å undersøkje lagfylgja nedover og ta ut kolprøve til C-14 datering. Laga i åkerreina skiljer seg frå laga over ved å vere meir humusaktige, og inneheld kolfragment/bitar. Farga er grå-mørkgrå leire. Ca. 0,7 m ned i grunnen dukkar det fyrste humusaktige laget opp. Det inneheld også kol. Laget er 0,18 m tjukt. Ca. 0,23 cm lengre ned, under eit kompakt leirelag på 0,15 m, kjem eit kompakt lag leire med kol på 0,10 m. Laget under var veldig hard og kompakt leire, og det var ikkje mogleg å grave seg lengre ned i grunnen. Total dybde er 1,2 m.