Diger gravrøys. Ho ligg på kanten av det brattaste i lia der ein kan sjå ned til Foss. Ho er ei rundrøys som er 8m i diameter i alle retningar. Ho kviler på eit skrått berg slik at ho er 2m høg i nedre kant og 0,7m høg i øvre kant. Steinane er opplødde som ein loddrett mur på noko av den nordre sida, men elles har gravrøysa skrå sider. Eit krater midt i gravrøysa vitnar om gravrøving. Gravrøysa er bygd av løftesteinar som er ulikt store, 0,20-0,40m store, dei fleste langflate. Ein langsmal 1m lang stein som ligger slengd i sørvestre sida, har nok stått som en bauta midt i gravrøysa. ID 128395 er stroken fordi han var den same som denne ID 136760.