På vestsida av ferjekaia, tett ved fortauet og kring 20 m frå staden der ferja legg til, ligg Kirkhidleren. Han er orientert SSO-NNV, er 5 m høg og er 1,0 - 2,0 m djup frå dråpefallet. Lengda på helleren er 8 m. På austsida av helleren finn ein groper med tverrmål 10 cm og djupne 10 cm. Gropene byrjar 2,20 m fra den austlege kanten på helleren og fortset bortover til 3,30 m. Fra botnen og opp til gropene er det 1,20 m. Enkelte stader der berg har vorte brote av, står gropene fram nærmast som halvsirklar. Framanfor helleren er det fylt på med stein, til dels særs store steinblokker. Dette vart gjort då vegen opp frå ferjelemmen blei bygd. Segna fortel at steinen til den gamle Fitjarkyrkja har vorte tatt ut her.