Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet frå truleg fyrste del av seinmesolitikum.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok. 3 vart påvist med 4 avslag av flint i PS43, og etter nokre avgrensande negative stikk 9 avslag til i PS53. Denne lokaliteten ligg ca. 50 m nordaust for ID137426, men i samband med den same flate terrassen og ute på brinken der denne skrånar etter kvart bratt ned mot søraust. Det er berre i denne retninga lokaliteten avgrensast naturleg av terrenget. Elles er det høvesvis flatt i dette området og lokaliteten vart avgrensa i frå sørvest til nordaust med negative prøvestikk. Dei to funnførande stikka låg nære kvarandre, så i omkrins er lokaliteten liten, ca. 10 x 7 meter. Undergrunnen består i all hovudsak av ein podsolprofil med sand som er enkel å sålde, men den var noko hard grunna jernutfelling i PS43. Funna låg på ca. 15-35 cm djupn, frå toppen av anrikingslaget og noko ned i dette. Ut i frå strandlinjekurvene bør denne lokaliteten daterast ca. samstundes med ID137426; Nøstvet fase 3.