Ei enkeltståande tuft med låge jordvollar ligg ca. 60 meter sør for ståande stølshus på Gramstølen. Enkelte stein er synlige i vollane. Tufta er rektangulær og måler 12,5x5 meter. Den austlige veggvollen er mest synlig og er inntil 1,8 meter brei og 0,4 meter høg. Dei øvrige vollane er uklare. Midt på den austre langveggen ligg restane etter ein skiljevegg som tyder på at tufta har hatt to rom. I form og konstruksjon minner den mykje om tuft 1 på nordsida av elva (137672) og er derfor mest trulig ei selstuft. Eit prøvestikk påviste trekol sentralt i tufta.