Lok A 2 blei lokalisert på eit noko flatare parti nedanfor gardsvegen og vest for hagen. Det flate partiet fortsett inn i hagen, som ikkje blei undersøkt. Lokaliteten er truleg 300-400m2 ut frå funnspreiing og topografi. Stratigrafi i prøvestikk 1: 5 cm grastorv, 30 cm dyrkingslag, deretter 20 cm tjukt og meir grushaldig dyrkingslag. Større stein i botnen. Prøvestikk 2: 8 cm grastorv, 47 cm tjukt dyrkingslag som ikkje blei gravd til botn. Funna påvist rett under torva og i toppen av dyrkingslaget. To avslag i prøvestikk 1 og eitt i prøvestikk 2.