Knausen som er av fyllittisk skifer og ein del forvitra, inneheld 22 - 23 groper. Talet er ikkje heilt lett å fastslå då det går eit system av sambandsliner mellom fleire av dei midtre gropene og desse sambandslinene er like breie som tverrmålet på gropene. Både gropene og sambandslinene er djupe. Merknad: Pr. 23.6.77 låg eindel større og mindre lause fyllittblokker oppå knausen, slik at berre nokre få av gropene no er synlege. Det er mogeleg at desse blokkene er sprengde ut av sjølve knausen.