• 138668-1

    id
    • 138668-1
    datafangstdato
    • 2010-06-09T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2010-10-05T13:51:30Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Lokaliteten kan på grunnlag av topografi, datering og typologi delast inn i tre fasar. Lokalitetens fase 1 er frå seinmesolitikum, fase 2 tilhøyrar tidlegneolitikum, og fase 3 er frå eldre jernalder. Det vart utført tre dateringar frå to ulike prøvestikk. Dei visar at området har vore i bruk i steinalderen, 5790 ± 40 BP (kalibrert 4680 f.Kr.), seinmesolitikum), og i eldre jernalder, nærmare bestemt førromersk jernalder, 2150 ± 40 BP (kalibrert 190 f.Kr.), og romertid, 1880 ± 40 BP (kalibrert 120 e.Kr.). Beskrivelse fra Enkeltminne: Fase 1 ligg på ei flate som ligg ca. 13-17 moh. Det vart til saman gjort 231 funn på flata. Råstoffa består av flint og kvarts, med eitt unntak; eit avslag av bergkrystall. Av typologiske gjenstandsfunn vart det funne eit fragment av ein konisk mikroflekkekjerne, ein smalflekke og fleire mikroflekker. Funnmaterialet, dateringa og høgda over havet tilseiar at fase 1 er frå seinmesolitikum. Fase 2 ligg på ei flate nedfor fase 1, og ligg på 7-12 moh. Det vart til saman gjort 25 funn her. Funnmaterialet består av avslag av rhyolitt, flint og kvarts. Rhyolitten og høgda over havet tilseier at fase 2 tilhøyrar tidlegneolitikum. Det vart ikkje funne kolhaldige lag som lot seg datere på fase 2. Lokalitetens tredje fase vart funnen gjennom to dateringar til eldre jernalder frå to ulike prøvestikk. Begge prøvestikka hadde funn frå steinalderen og ligg på flata der lokalitetens fase 1 ligg. Den første dateringa var frå lag C i HJ 5, og vart datert til førromersk jernalder, 2150 ± 40 BP (kalibrert 190 f.Kr.). Den andre dateringa var frå TS 1, lag G, og vart datert til romertid, 1880 ± 40 BP (kalibrert 120 e.Kr.).
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 138668-1
    lokalId
    • 138668-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T03:23:17Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217