• 139579-1

    id
    • 139579-1
    datafangstdato
    • 2010-06-07T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2010-11-21T13:27:51Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Lokalitet 1 ligg sør i den gamle frukthagen sør for adminstrasjonsbygget, om lag 14-19 m o.h. Terrenget er hellande i vestleg retning mot fjorden. Hagearealet er nok rydda for stein, då det er mindre synleg stein i overflata der enn elles i området. Lokalitet 1 er definert på grunnlag av 3 funnførande sjakter; sjakt 10, 12, 25 og 3 funnførande prøvestikk; ps 7, 9, 12. Lokaliteten har ei estimert utstrekning på 1050 kvm. I nord, aust, vest og søraust er lokaliteten avgrensa av funntomme sjakter/prøvestikk. I sørvest er det steinete grunn med ein del påført masse, det var dermed ikkje råd å prøvestikke der. Funnfordelinga tilseier at sjakt 12 og ps 9 representerer lokaliteten sitt sentrale område, med 15 funn i sjakt 12 og 18 funn i ps 9. Situasjonen i ps 9 indikerer at funnmateriale er pløygd opp i matjorda, men det er òg er intakte funnførande lag i sanden under (funnførande lag er 20-25 cm tjukt). Sjakt 10 og 25 har 1 funn kvar, og er dermed oppfatta som utkantane av lokaliteten. Funna i sjakt 10 og 25 er funne i overgangen mellom matjord og grus/sand. Prøvestikk 7 har 2 funn i matjorda, og stikket har teikn til omroting i form av eit tegl- og slagghaldig lag under matjorda. Prøvestikk 7 er likevel teke med i lokalitetsavgrensinga ettersom stikket er lokalisert mellom sjakt 10 og 12. Den nordvestlege delen av lokaliteten synest dermed å vere forstyrra av nyare tids aktivitet. Funn 39 funn totalt (flint): 1 flekkekniv, 1 plattformkjerne, 1 bipolar kjerne, avslag, 1 flintknoll. Beskrivelse fra Enkeltminne: Datering Fleirsidig plattformkjerne: typologisk datering til tidleg eldre steinalder (tidlegmesolittikum, 10 000-9000 BP, 9200-8050 f.Kr). Det øvrige materialet motseier ikkje ei datering til dette tidsrommet.
    kommune
    • 1108
    kulturminneId
    • 139579-1
    lokalId
    • 139579-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2023-02-28T10:20:31Z
    opphav
    • Rogaland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217