Lokalitet 2 ligg nord i planområdet, nord for frukthagen og øst for det nordlegaste hybelhuset, om lag 9-14 m o.h. Terrenget er slakt hellande mot vest. Ved høgare havnivå har lokaliteten lege i ei vik med ein knaus i sør og brattare helling i aust og nord. På vestsida av lokaliteten er arealet forstyrra av veg, hybelhus og bed. Ettersom terrenget her ikkje er intakt er det dermed vanskeleg å seie kor langt lokaliteten har/kan ha strekt seg i denne retninga. Arealet elles er svært steinete, vegetasjonen består av open lauvskog (eik) og ein del kratt. Det er generelt mykje stein og steinblokker i grunnen både innanfor og utanfor lokalitetsavgrensinga. Sett bort frå store blokker synest delar av lokaliteten å ha noko mindre synleg stein i overflata enn skråninga i austlege del av lokaliteten. Langs nordsida av knausen i lokaliteten sin sørlege del er det ein steingard. Bygginga av steingarden kan ha fjerna stein frå lokalitetsflata, og/eller lokaliteten/delar av den kan ha vore rydda då den var i bruk. Lokaliteten er definert ut frå 7 funnførande prøvestikk (ps 17, 19, 20, 22, 24, 26, 27), med ei estimert utstrekning på 800 kvm. (Sterk funnkonsentrasjon i prøvestikk 24, 429 funn). Avgrensinga er topografisk og med 5 negative prøvestikk. Prøvestikk 27 som ligg i skråninga i austre del av lokaliteten skil seg ut med lågare funnmengde (2 funn) enn dei andre stikka, men det skal takast høgde for at stikket ikkje kunne gravast djupare enn 30 cm på grunn av stein i botnen. Topografien tilseier imidlertid at lokaliteten ikkje strekk seg svært langt austover opp skråninga, då det er påtruffe berg og mykje stein med sonderborr i denne delen av området. Aust og nord for prøvestikk 20 er skråning med berg og stein. Funn: 539 funn totalt (flint) Fleirsidig plattformkjerne Overvekt av bipolart kjernemateriale Slipeplate Lite regelmessige mikroflekker. Flateretusjert pilspiss (bortskote prosjektil? Treng ikkje relatere seg til loken, har ikkje anna materiale som peiker mot SN/BA) Datering: SM (hovudfase?) Muligens ein neolittisk fase i tillegg.