Lokalitet 3 ligg i sørvestlege del av planområdet, nedanfor busetnad i vestleg skråning. Kratt, bregner, ur. Lokaliteten ligg om lag 7-15 m o.h., og har ei estimert utstrekning på 650 kvm. Lokaliteten er definert på grunnlag av 5 funnførande prøvestikk, ps 32-35 og 37. Avgrensinga er topografisk og med negative prøvestikk. Sør og vest for lokaliteten er det svært steinete grunn, det var dermed ikkje råd å prøvestikke der. Sørøstlege del av lokaliten er forstyrra av eit moderne inngrep, det er der samla inn funn i overflata. Prøvestikk 32 er lagt i den forstyrra delen for å avklare om det kunne vere intakt stratigrafi under forstyrringa. Stikket vart gravd til 70 cm dybde utan å påvise intakte lag. Sørøstlege avgrensing av lokaliteten er definert av ein bratt bergvegg. Muligens har hovuddelen av lokalitetsflata lege ved bergveggen. Funn 33 funn (flint) 2 skraparar frå prøvestikk 33. Det øvrige materialet er avslag/bitar. (1 mikroflekkeliknande avslag i overflata). Datering Steinalder (SM eller seinare, ut frå høgda på dei andre lokane?)