Heller registrert og utgravd på 1960-tallet. Bruken av helleren strekker seg tilbake til yngre-bronsealder. Det ble gjort funn av flere gjenstander som tegner seg fra ulike perioder i jernalder. Også et helleristningsfelt er funnet som er datert til yngre bronsealder eller eldre jernalder.
03.06.2025: Synfaring og innmåling ved vasstand ca 707 moh, HRV er 745 moh. Ullshellaren vart registrert og delvis utgravd i 1962 og 1963 i samband med vassdragsregulering av Røldal-Suldal anlegget. Valldalsvatnet i nordre del av dalen var før reguleringa 2,2 km langt og låg på 696 moh. Ullshellaren ligg nær den tidlegare utløpsosen til vatnet. Hellaren er omlag 100 m lang orientert i retning SV-NØ.
Undersøkingane på 1960-talet påviste stratifiserte kulturlag og eit stort gjenstands- og beinmateriale frå fleire førhistoriske periodar og frå nyare tid. Gjenstandsmateriale og C14-dateringar tilseier at bruken var mest omfattande i romertid/folkevandringstid. Beinmaterialet utviser variasjon av ulike pattedyr og fugleartar, med rein og rype som mest talrike.
Helleristningsfeltet er skildra å ligge omlag 30 m SØ for buplassen og høgare oppe i skråninga. Ristningane er hogge inn inst i hellaren i eit felt på om lag 2,2 m lengde og ei høgde på 0,85 m. Feltet består av ei horisontal rekke med 6 fotsålar, 3 skipsfigurar og 1 figur tolka som ein mann til hest.