Røysa er tilnærma rund, 11 m i diameter og 1,5 m høg sett frå O, sett frå S er ho 0,7 m høg. Røyskanten er usikker grunna utkasta stein og rydningsstein frå tidlegare slåtte-og beitemark. Røysa er bygd av steinar/blokker som er opp til 0,6 m store jamt over, men nokre er opp til 1,5 m. Sentrum av røysa er dels utkasta og her ligg ei stor jordfast blokk. Overflata er elles omrota. Røysa er best bevart i V. Ein del av dei utkasta steinane/blokkene har hamna utfor stupet.