Gravfeltet er orientert SO - NV.Røysa, fk.nr. 4/7, ligg nærast løa og avgrensar feltet i SO. Ho er om lag 8 m i tverrmål og knapt 1 m høg. Røysa er svært tilvaksen med gras, men klårt avgrensa.Røysa, fk.nr. 4/5, ligg om lag 2 m N for røysa fk.nr. 7. Ho blir avgrensa av vegen i NO. Røysa er om lag 8 m i tverrmål og 1 m høg. Det veks ein del tornebusker og nokre rognetre på røysa. Ho er mykje tilvaksen med gras, men lett å avgrense.Røysa, fk.nr. 4/6, avgrensar feltet i SV. Ho er 9 x 6 m orientert NV - SO. Røysa er avskava og hallar mot V. Ho er mykje tilvaksen med gras og ikkje heilt lett å avgrense.Røysa, fk.nr. 4/4, ligg kring 3 m NV for røysa fk.nr. 6. Ho er forma som ein h, og er 16 m vid orientert SO - NV, og 25 m lang SV - NO. Høgda på røysa varierer frå 0,5 - 1,0 m, ho er høgast i NV. Røysa er grasvaksen men lett å avgrense. Det stikk nokre steinar/blokker 0,1 - 0,4 m store i dagen.Alle 4 røysene er lette å sjå i lendet.