Den moglege buplassflata er minst 20 x 25 m. I det våtlendte partiet med noko erodert mark vart det funne ei mengd avslag av grønstein (Prøvestikk C). 5 m V for det våtlendte, funnrike området vart det teke eit prøvestikk (B) som gav funn av grønstein, rhyolitt og flint 5-20 cm under overflata i grov grus. 5 m lenger mot SV, midt på flata, vart teke eit stikk (A) som gav funn av flint og grønstein frå 12 cm djupn og nedover. Torva var tjukkare her, elles same slags funnhorisont.