Røysa er 16 m i tverrmål og 1,5 m høg. Kantane er heller bratte, og røysa er flat over det meste. Berre i NV lettar kanten seg noko opp. Røysa er bygd av 20 - 40 cm store steinar/blokker. Desse er delvis mosegrodde, men både rundt kantane og oppå har røysa karakter av å vere tom. Røysa er omgjeven av lauvskog og kratt.