Feltet måler 150 x 40 m, orientert NNV-SSO.Den mest iaugefallande av tuftene ligg i sørlege del av feltet, tett S for eit polygonpunkt. Tufta, registrert som tuft A, er ei nausttuft og ho måler 21 x 11,5-17 m, orientert NNO-SSV. Tufta er open mot sjøen. Veggvollane er 2 m breie og omlag 1,70 m høge. Tufta er grasvaksen, men på innsida av vollane stikk det ein del helleforma og firkanta steinar/blokker, 0,4-0,8 m store, fram i dagen. Vollane er noko utrasa. I øvre kant av tufta er nokre større steinblokker.7 m ONO for opninga i tuft A ligg ei mindre firkanta tuft, tuft B, med ytre mål 6 x 6 m. Vollane er låge og grasvaksne og omlag 2 m breie.På utsida av den nordre veggvollen i tuft A ligg det dessutan ei tredje tuft, tuft C, som er slik bygd at austlegaste del av veggvollen i tuft A samstundes utgjer eine veggvollen i tuft C. Dei to andre veggvollane er låge og grasvaksne og omlag 2 m breie. Tufta som etter alt å døma har vore open mot sjøen, måler kring 7 x 8 m i ytre mål.Tett S for nausttufta er det nokre OSO-VNV gåande vollar med markerte grøfter imellom. Desse vollane ser ikkje ut til å vera deler av tuftekonstruksjonar.14 m NV for nausttufta ligg ei grop i bakken. Medrekna den låge og kring 1 m breie, no grasvaksne oppkasta kantvollen har ho eit ytre tverrmål på omlag 3 m. Eit prøvestikk i vestre kant synte ei mengd kolbitar i overgangen mellom humus og stein. Innan røysområdet i nordlege del av feltet ligg det to liknande groper.21 m VNV for nausttufta ligg ei røys. Ho er 7 x 3,5 m vid, orientert NNV-SSO, låg og mosevaksen med enkelte steinar stikkande i dagen. Om mogeleg er dette to små røyser som ligg tett saman.Innan den nordlege delen av feltet ligg det nemleg 34 små røyser. Dei er alle omlag 1-2 m i tverrmål og mosevaksne med nokre steinar stikkande i dagen. Røysene som er låge, syner lite i lendet, men er tydeleg markerte. Nokre av dei ligg på line.