Beskrivelse fra lokalitet:
Tufta måler 8 m x 8 m. Innvendig er ho 3,90 m (O-V) og 4,40 m (N-S). Veggvollane er omlag 0,3 m høge. Vollane er kledde med mose og gras og er difor lite synlege. Naken stein er berre å sjå i O. Heile tufta er omvaksen av lyng og brake. Ei furu veks i SO-hjørnet. Ho har mogleg opning i S.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tufta ligg på O-sida av Langaneset, 4,5 m frå steingarden som strekkjer seg tvers over neset. Ho ligg 26 m frå sjøen (Gardvikjo). Tufta ligg på ei myrflate med berg på kvar side. Her veks ein del furu og stor brake. Frå staden er det utsyn til leia og mot Stord.