Røysa måler 40 x 9,5 m på det breiaste. Ho smalnar av mot endane og er orientert NNV-SSO. Røysa er bygd av rullestein og blokker, 0,2 - 1,0 m store. Enkelte større blokker ligg oppe på røysa. Røyskanten inn mot fjellet i V er på det næraste rett, medan ho mot O er meir bogeforma. 14,5 m frå nordenden står ein varde som er ca. 1,2 x 1,2 m vid. Røysa er noko tilvaksen av eine i den sørlege delen, men er klart avgrensa og godt synleg.