Feltet måler 145 x 25 m, mykje godt orientert VSV-ONO.Tufta fk.nr. 1 ligg på vestre ende av strandvollen, om lag 100 m SO for Høyskardhelleren, kring 75 m NV for inste vika ved Dunsegytten. Tufta ligg like N for stien. Ho måler 8 x 5 m (ytre mål) og er orientert NV-SO. Det finst ikkje tverrvegg i sørenden. Ho er utkasta mellom veggene. Tufta er relativt klårt markert og syner heller bra i lendet.Røysa fk.nr. 4/1 ligg 1 m V for nordvestre hjørnet på tufta fk.nr. 1. Ho er om lag 3 m i tvm., låg og grasvaksen. Her er eit hol i midten.Røysa fk.nr. 4/2 ligg 6 m V for sørvestre hjørnet på tufta fk.nr. 1. Ho er 2 m i tvm., låg og grasgrodd. Her er eit søkk etter ein utvelta stein.Røysa fk.nr. 4/3 ligg 2 m V for fk.nr. 4/2. Ho er 7 m i tvm., opptil 0,5 m høg og grasgrodd. Midt i røysa er det eit søkk.Røysa fk.nr. 4/4 ligg tett VNV for fk.nr. 4/3. Ho måler 5 x 3 m, orientert O-V. Ho er grasgrodd og låg. Røysa er utkasta i nordre side. Dette kan vél vere ei tuft.Røysa fk.nr. 4/5 ligg tett V for fk.nr. 4/4. Ho måler 5 x 3 m, orientert NO-SV. Ho er låg og grasgrodd. Dette er meir truleg ei tuft.Røysa fk.nr. 4/6 ligg tett V for fk.nr. 4/5. Ho er om lag 3 m i tvm., låg og grasdekt. Denne kan og vere ein del av den mogelege tufta fk.nr. 4/4-5.Røysa fk.nr. 4/7 ligg tett V for fk.nr. 4/6. Ho er om lag 5 m i tvm., låg og grasgrodd. I midten er det eit søkk.Nyregistrert røys/tuft nr. 1 ligg tett V for fk.nr. 4/7. Det er her ei noko uformeleg steindyngje, orientert VNV-OSO, om lag 5 x 3 m og heilt låg.Nyregistrert røys/tuft nr. 2 ligg 3 m V for nyreg.1. Måla er 5 x 3 m, orientert VNV-OSO. Steinar stikk opp i to dyngjer som kan vere endevegger, men det kan og vere tale om små røyser.Nyregistrert tuft nr. 3 ligg 3 m V for nyreg. 2. Ho er kring 6 m lang VNV-OSO, men breidda er vanskeleg å måle av di nordveggen tykkjest gå inn i bakken attanfor. Sørveggen er tydeleg og ligg parallelt med strandvollen. Også gavlane er tydelege. Forma er rektangulær.Nyregistrert tuft nr. 4 ligg 3 m VNV for nyreg. 3. Forma er rektangulær med ei lengde på kring 6 m. Sørveggen er ein overgrodd voll, ca. 2 m brei, mens nordveggen ikkje er synleg. Vegghjørna i SO og SV er avrunda.Røysa fk.nr. 2/1 ligg 7 m ONO for tufta fk.nr.1. Ho er 4 m i tvm., låg og torvgrodd. Røysa er utkasta i sentrum.Røysa fk.nr. 2/2 ligg 2 m NNO for fk.nr. 2/1. Ho er 3 m i tvm., og torvgrodd.Røysa fk.nr. 2/3 ligg 5 m N for tufta fk.nr. 1. Ho er 3 m i tvm., og torvgrodd.Røysa fk.nr. 2/4 ligg tett NNO for fk.nr. 2/3. Ho er 3 m i tvm., og torvgrodd.Tufta fk.nr. 3 ligg på austre side av strandvollen, om lag 70 m SSO for Høyskardnova, like S for stien. Til sjøen i S er det dryge 150 m.Tufta er 13 x 6 m, orientert N-S. Veggene er godt lagde, som låge murar, opptil 1,5 m breie. Tufta er ikkje overgrodd og er difor klårt markert og godt synleg i lendet.I området er det fleire stader små steindyngjer som også kan vere overgrodde tufter eller røyser.