Haugen er rund, 16-17 m i tverrmål og 2-2,5 m høg. Høgda er litt vanskeleg å fastslå fordi haugen ligg i ei bakkeskråning. Toppen er jamnt avrunda, dekka av grastorv, og nesten fri for stein og tre. Langs kantane av haugen veks det derimot tett krattskog og rundt haugen ligg det fleire blokker som er opp mot 1 m i tverrmål, utan at dei kan karakteriserast som ei fotkjede. Haugen er godt markert, verkar menneskegjord og ser ut til å vera ein gravhaug. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at han er ei naturdanning.