Feltet vert i SV avgrensa av markavegen og er her 30 m breitt. Det strekkjer seg vidare mot NO i 40 m. Med unnatak av haugen fk. 2/3 som ligg med to tredjedelar inn på bruk nr. 3 mot N, ligg heile feltet innan det inngjerda stykket til bruk nr. 4. Dei fem haugane som feltet inneheld, vert skildra slik av Per Fett: Fk. 2/2: "Smihaugen" ligg tett ovanfor tunvegen 20 m N for løda til bnr. 4, 10 m SV for ei smietuft (nok Bendixens "lille udhus"). Han er 5 m i tverrmål, og 1 m høg, stein stikk fram av grassvorden. Fk. 2/3: Haug, ligg like ONO for smietufta. Han er 12 m i tverrmål, 1,75 m høg. Her har i si tid vore påkjøyrt jord til potetreit og visstnok og vore lagt opp ei mur mot N. Fk. 2/4: Haug, ligg 7 m ONO for fk. 2/3, 9 m i tverrmål, 1,5 m høg, halvt tildekt av ei mengd rydningsstein (NB: og det står eit skur oppå haugen). Fk. 2/5: Haug, ligg som ein rest 7 m SO for smietufta. Bendixen seier han var "vakkert afrundet". Han er 5 m i tverrmål og var 75 cm høg. Fk. 2/6: Haug, ligg rett ut (NO) for lødebrua til bnr. 4, berre nordaustre helvt er att, resten ligg under lødebrua. Han kan ha vore 8 m i tverrmål, 1 m høg. På botnen der no tunvegen går, fanst eit mura rom, knapt mannslangt, med ei helle over. Ein såg ikkje bein eller oldsaker. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Gravhaugane fk. 2/2-6 ligg her framleis som skildra av Per Fett. Somme av dei er mykje overgrodde, og vanskelege å avgrense. Fk. 2/6 ligg under låvebrua, og berre foten kan sjåast. I same område som desse gravminna ligg ein annan liten haug som kan vere ein gravhaug. Den ligg nokre meter S-SA for fk. 2/3 og 4, og er omlag 5 m i diameter og 0,5 m høg.