Gardsanlegg. Anlegget består av 1 hustuft og minst 12 rydningsrøyser.Tufta ligg lengst i SSV, orientert ANA-VSV. Nokså klart markert, mindre godt synleg. Delvis graskledd, ein del stein syner i veggene som er ca 1,3 m br. og ca 0,5 m h. V-gavl ligg inntil ein stor nokså låg stein. Det samme gjer NA-hjørna. Delt i 2 rom, det i A måler 2,2x3,0 m, og det i V som ligg noko lågare måler 4x3 m. Tufta er utgravd v/Jan Petersen. L. ca 10 m, br. ca 5,5 m.N og NA for tufta er eit rydda område omkransa av minst 12 ryndnings-røyser av vekslande form, frå runde til avlange og kantete. Dei fleste klart markert, men mindre godt synlege. Mest utan vegetasjon. Ofte ligg dei på eller mellom større steinar. Utstrekning 1-7 m, men dei fleste omkring 4 m. H. 0,30-0,60 m