Røysa er 8-9 m i tverrmål og kring 1 m høg. Ho er bygd av 0,1 - 1,0 m store steinar/blokker som for ein stor del er overgrodde av mose, lav og ris. Røysa er noko utkasta langs kantane. I midten av røysa er eit ca. 2 m vidt og 0,8 m djupt søkk. Ved austre kant av søkket veks eit furutre og det står ein del furer langs kantane av røysa.