Røysa måler 10 x 6 m, orientert NNV-SSO og er opptil 0,75 m høg. Ho er bygd av 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker. Langs kantane av røysa veks ein del mose og lyng. Midt i røysa er eit 1,5 m vidt og 0,5 m djupt søkk, som er tilvakse med bregne. Elles verkar røysa noko omrota. Ho har ei klår markering og er godt synleg i lendet.