Gravrøysa er om lag 10 m i tverrmål og om lag 1 m høg. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,15-0,9 m store. Steinane/blokkene ligg i dagen, men er noko mosegrodde. Røysa er mykje utkasta i S. På og ikring søre kanten av røysa veks nokre lauvtre og elles veks det kratt, bregner og blomar på ho. Røysa er uklårt markert og ikkje særleg godt synleg i lendet. Langs vestre kant av røysa er det bygd ein steingard.