Røysa fk.nr. 4/1 ligg lengst NV i feltet, 20 m OSO for den nordlegaste av dei to vikene på vestsida av holmen. Røysa er 11 m i tvm. og kring 1 m høg. Ho er bygd av 15-70 cm store steinar/blokker som ligg nakne i dagen. Røysa er utkasta, slik at ho er flat med eit grunt søkk i toppen, og i dette søkket veks det eit vidt kratt.Røysa fk.nr. 4/2 ligg 20 m OSO for 1. Ho er kring 7 m i tvm, men svært mykje utkasta, slik at ho er heller låg kring kanten. Sentralt i røysa ligg 5 store steinblokker den største kring 1,5 m stor. Det attliggande steinane i røystufta er frå 5-50 cm store. Dei fleste ligg nakne i dagen, men ein del er mosegrodde.Røysa fk.nr. 4/3 ligg kring 2 m SO for 2. I NV-kant ligg ei 1,5 m stor steinblokk. Røysa som er kring 9 m i tvm, er elles bygd av 5-30 cm store steinar/blokker. Ho er mykje utkasta, slik at berre tufta ligg att og kantane er tildels vanskeleg å fylgja.Røysene fk.nr. 4/4 og 4/5 ligg på rekkje vidare mot SO, 5 m frå 3 og med 5 m mellomrom. Av begge to er berre røystufta att, og deo er sterkt tilvaksne med mose, lyng og gras, nr. 5 dessutan av brakebusker.Røysa fk.nr. 4/6 ligg 10 m S for nr. 3 i det vesle myrsøkket. Ho er heilt tilvaksen med mose, gras og lyng. I myrsøkket frå røysa fk.nr. 4/6 og vidare vestover ligg 4-5 mogelege røyser alle tilvaksne med myrtorv, lyng og gras. Alle røysene fk.nr. 4/6-11 (12) er berre 3-4 m i tvm.