På ein nord/sør gåande bergrygg om lag 25 meter vest for planlagd kraftlinjetrase ligg 2 røstegroper for myrmalm.
Grop 1 er rund i forma og måler 60x60 cm. Fire 30 cm lange skiferheller omkrinsar gropa.
Grop 2 ligg 2 meter nordaust for grop 1. Grop to er større og måler 3x2,5 meter i lengd/breidd.
Gropene er like i innhald, som består av finkorna myrmalm. Storleiken på malmkorna er jamt over frå 3-7 mm. Nokre fåtals større bitar på inntil 6 cm i storleik førekjem og. Enkelte bitar av brend kvarts førekjem i begge gropene. Trekol vert ikkje påvist. Fråveret av trekol kan forklarast med at gropene ligg ope i dagen og at det som har måtte vere av trekol har vorte vaska bort.