• 2934

    id
    • 2934
    datafangstdato
    • 1985-06-05T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T18:59:22Z
    informasjon
    • Feltet er orientert NV - SO, og har ei utstrekning på 160 m NV - SO og 75 m NO - SV. Den sørlegaste delen av feltet som ligg på bnr. 10, tek til 110 m sør for Ungdomshuset.Her ligg 14 røyser i eit lyng- og grasvakse utmarksområde med spreidde einer og buskfurer. Røysene her er frå 2 - 4,5 m i tverrmål, og opp til 0,5 m høge. Dei er alle tilvaksen med lyng og einer.Storparten av røysene som låg på bnr. 11 er no bortdyrka, slik at her ligg det berre att 6 røyser lengst opp mot fjellvegen. Den største av desse er 5 m i tverrmål og om lag 1 m høg. Røysene er sterkt tilvaksne med lyng, einer og tildels bringebærkjerr.Røysene innan bnr. 8 ligg alle i eit lyng- og einevakse utmarksområde. Her ligg det i alt 15 røyser. Den største av desse er 8 x 6 m og knapt 1 m høg, medan resten av røysene er mellom 2,5 x 3,5 m i tverrmål med eit lyngvakse tjukt torv- og moselag.Den nordlegaste delen av feltet, som ligg på bnr. 29, ligg i grasvaksen beitemark. Her er 9 røyser og alle er dekte av grastorv der det stikk ein del steinar/blokker i dagen. Røysene er 2 - 3 m i tverrmål og opp mot 0,5 m høge. Den nordaustlegaste røysa i feltet ligg 50 m V - NV for Ungdomshuset. Feltet har tidlegare gått monaleg lenger mot nordvest, men alle røysene innan dette området er no borte etter at her er bygd fotballbane.
    kommune
    • 1580
    kulturminneId
    • 35801
    lokalId
    • 2934
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217