Røysa som vert kalla Pengerøysa, er ca. 15 m i tverrmål, 1,5 m høg og nesten heil. Mykje stein ligg framme i dagen, men ein del er dekt av mose og eit tynt torvlag. I nordvestlege del av røysa er eit rundt søkk, opp til 0,8 m djupt og ca. 1,25 i tverrmål, og i nordaustlege kant er der eit sår.Nedanfor røysa ligg svære blokker i ur. I området rundt røysa veks det lauvskog.