Røysa som er bygd opp av steinar og blokker, 20-60 cm store, er 8 m i tverrmål og omlag 1 m høg. Ho er noko utkasta mot O og S, men elles lite endra. Ein tanke V for sentrum av røysa står ein bautastein. Den er 1,70 m høg, 80 cm brei på midten og ca. 35 cm brei øvst, tjukkleiken er omlag 10-15 cm. Den er orientert N-S. Bautaen står i ei mindre røys som er lagt opp i den andre røysa. Denne er ca. 1,7 m i diameter og ca. 20-30 cm høg. I røysa veks ei større furu, mose, lyng og brake. Røysa er mykje overgrodd og ikkje så lett synleg bortsett frå den mindre røysa og bautaen.