Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg i øvre kant av eit aust - vestleg drag ned mot sjøen. Hovuddraget er breitt og slakt skrånande ned mot vågen. I sjøkanten er det i dag eit eldre naustmiljø med ein eldre veg etablert ned til sjøen. Draget er mellom 20 -50 meter vidt og avgrensa av kuppert lende med knausar og berg stikkande opp, desse lagar slik nord sør gåande drag i terrenget. Området har og tett skogsvegetasjon, men der undergrunnen får litt meir lys og undervegetasjonen i form av mose og bregne veks.
Terrenget haller slakt mot sør og skaret vider seg her ut til vel 15 meter. I bakre kant av draget er avstanden mellom bergskoltane knappast 5 meter. I søre kant går det ein bekk nedover til sjøen, det er noko uvisst om denne bekken er eit resultat av vegbygging og drenering. Det er ikkje registrert funn i det framvaska materialet frå denne bekken. Funnstaden ligg slik oppe i eit lite skar i hovud draget, høgda er vel 10 meter over havet. Her er tatt 5 prøvestikk kor av 4 er med funn.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Prøvestikka viser ein sams lagdeling der toppdekket er vel 15 centimeter tjukt med mose, røter og noko torv. Under dette får me i prøvestikk 1, 2 og 3 eit lag med stein, særleg er dette synleg i prøvestikk 1 og 3. Under dette raudbrun jord som ligg oppe på berg. Lagdelinga i prøvestikk fire viser eit lag, mest ei tynn linse med trekol under toppdekket. Dette laget ligg då over eit lag med mørk gråbrun jord. I botn er det noko erodert fjell.
Funna i dei prøvestikka med funn ligg alle i lag 2, dvs rett under topplaget. I prøvestikk 4 er det funna delt over fleire lag, slik at det ikkje er råd å knyte linsa med trekol direkte til funna som kulturlag.