Lokaliteten ligg på ein markert hylle i landskapet. Her er ein flate med sandavsetningar. Staden er relativt tørr, men har eit fuktigare område mot nord. Her er eit naturleg avsig mot aust som gjer at størstedelen av flaten er tørr. Det veks mykje vier og bjørk på staden. Det er tatt 3 prøvestikk på flaten og utstrekninga på det funnførande området viser seg å vera liten, mellom 5 og 10 kvadratmeter, og lokaliteten gjev slik inntrykk av å vere ein mindre aktivitetsplass. Stratigrafien på funnstaden er delt mellom eit torv-/rotlag. Under dette kjem eit gråleg sandlag som går heilt ned til berggrunnen. Djupna varierer mellom 40 og 50 cm. Funna er gjorde like under torva. Spreiinga vertikalt og fråværet av organiske avsetningar i samband med funna vitnar om at lokaliteten likt med Skarpeneset 2, ikkje har vore i bruk over lenger tid.