Lengst i N er det to meterhøge blokker som dannar bakveggen i konstruksjonen. Ut frå desse går det to murar, 3 m lange, knapt 1 m tjukke. I søre del av murane er ein del stein rasa ut. I N der veggene er intakt, er høgda 1,2 m. Det innvendige rommet er ca. 3 x 1,5 m, orientert NV-SO. Lengst i N ligg ei 2 x 1 m vid helle som tak. Golvet tykkjest å vere oppretta ved at det er fylt 10 x 20 cm store steinar på den opphavelege skrånande overflata, oppå desse er det lagt større helleforma steinar/blokker. Framanfor opninga ligg ei 2,6 m lang og 1,2 m brei steinhelle (NV-SO). Mellom konstruksjonen og vegen ligg ein oppmura platting. Tradisjonen på garden veit ikkje å fortelje kva konstruksjonen har vore brukt til. Ei mogeleg tolkning kan vere at den har vore brukt til bjørnefangst, ein såkalla bjørnebås.