Røysa er kring 14 m N-S og 12 m O-V. Høgda er 1,0 - 1,5 m. I toppen har det vore ei tysk skyttargrav. Røysa er noko utkasta. Ho er bygd av stein av varierande storleik, tildels store steinar/blokker. Utanfor røysa i O og S ligg mykje stor stein som er vorte lagt i hop til to store, firkanta oppmuringar. Mogelegvis kjem noko av denne steinen frå røysa. Røysa er noko vanskeleg å avgrensa, men ho er godt synleg i terrenget. På og kring røysa veks nokre furu- og lauvtre.