• 3362

    id
    • 3362
    datafangstdato
    • 2004-05-27T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-05-12T10:45:57Z
    informasjon
    • Lok. 1, Leirpollen, ligg i eit myrete søkk om lag 40 meter ovanfor og aust for vegen til Skår, og om lag 125 meter vest for Leirpollen. Plassen ligg i le for vind frå nord og sør, og til dels òg frå aust. Mot vest har det i steinalder vore utsyn mot sjøen. Vegetasjonen her består mestedels av lyng, mose og ein del brake, men her veks òg einskilde tre. Midt på sjølve lokaliteten veks det eit stort einerkratt. Det var særs lite lausmassar i undergrunnen på denne staden. Totalt vart det grave fire prøvestikk, der tre av desse var funnførande. I prøvestikk 1 (PS1) kunne det berre skiljast ut to lag: lag 1 var 35 cm tjukt og bestod av myrjord, lag 2 var eit 20 cm tjukt grått grus- og steinlag. Funna vart gjort i lag 2. Desse er tre avslag av rhyolitt og eit avslag av flint. I prøvestikk 2 (PS2) kunne det skiljast ut tre lag: lag 1 var om lag 30 cm tjukt og bestod av myrjord, lag 2 var eit tynt trekolhaldig lag og lag 3 var eit 10-15 cm tjukt lag av sand, grus og silt. Dette siste laget var funnførande. Funna består av to avslag av flint, eit avslag av kvarts, ein kjerne eller eit kjernefragment av kvarts, samt fem mindre pimpsteinar. Det vart ikkje tatt ut trekolprøve av lag 2 då dette ikkje hadde nokon samanheng med funna. Truleg er dette eit avsviingslag. I prøvestikk 3 (PS3) kunne det skiljast ut to lag: lag 1 bestod av myrjord (om lag 45 cm tjukt) og lag 2 bestod av sand og grus (om lag 20 cm). I lag 2 vart det funne eit avslag av flint. Det vart opna opp eit prøvestikk aust for dei tre funnførande prøvestikka, men det var funntomt. Lokaliteten har difor ein klar avgrensing mot berg i nord og sør, og mot skrenten ned mot vegen i vest. Mot aust gir det funntomme prøvestikket ein indikasjon på avgrensinga av lokaliteten i den retninga. Totalt målar lokaliteten omkring 16 x 8 meter A-V. Talet på funn peikar mot at lokaliteten berre har vore nytta i kort tid. Men ein kan ikkje seie noko sikkert om dette ut frå berre tre funnførande prøvestikk. Samansettinga av råstoff på lokaliteten og plasseringa i høve til havnivået peiker på at den må daterast til yngre steinalder (neolitikum; 5200 ¿ 3500 år før notid). Det vart òg gjort funn av pimpstein på lok. 1, men ingen av dei har slipespor. Også bruk av pimpstein vert normalt sett datert til yngre steinalder. Kombinasjonen av råstoff på lokaliteten peikar såleis på ei datering til ein tidleg del av yngre steinalder. Mest truleg bør nok lokaliteten verte datert til tidlegneolitikum. Plasseringa i høve til strandlinja peikar òg mot ei slik datering. Med utgangspunkt i eit strandlinediagram for Sotra kan ein sjå at havnivået i tidbolken frå om lag 7500 ¿ 4500 før notid låg ca. 10 meter høgare enn det det gjer i dag. Lok. 1 som ligg på 10 - 12 moh. ville såleis ha lege i strandkanten på slutten av eldre og byrjinga av yngre steinalder.
    kommune
    • 4625
    kulturminneId
    • 91327-1
    lokalId
    • 3362
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217