Totalt er det 3 funnførande prøvestikk. Funna på lokaliteten ligg under 9-20 cm tjukk torv, i brun, sand- og silthaldige lag mellom 20 cm og heilt ned til 60 cm. I alle dei tre stikka var det eit mørkt, humushaldig lag med trekol mellom torva og det funnførande laget, tolka som avsviingslag. Av funn var det 1 flekke, 1 distalfragment av mikroflekkeliknande avslag og avslag og mikroavslag i flint, kvarts, bergkrystall og rhyolitt. Mikroflekker gjer ei tidfesting til seinmesolitikum. Lokaliteten er ca. 778 kvm stor. I PS52 vart eit tynt trekolhaldeg lag i nedre del av torva, 20 cm ned frå overflata, datert til merovingertid