I tillegg til registreringa er det grave ei prøverute på 1 m2 i sentrum av tufta og kring veggfundamenta er vegetasjonen fjerna. Tufta er 3,8 x 3 m i ytre mål. Veggfundamenta som gjennomsnittleg er 35 cm breie, er bygde av eitt omfar med små flate steinar som er lagde direkte på den flate berggrunnen. Nordveggen i tufta følgjer ein tilstøytande 1 m høg bergvegg, medan dei andre veggene går parallelt med ytterkanten av berghylla som tufta ligg på. I tufta vart det funne fragment av spannforma leirkar, fragment av kleberstein, jernfragment, brynerest, flintavslag, pimpstein og brende beinfragment. Ein 14C-prøve gav ein alder på 380-440 år e. Kr.