Lokaliteten Nesjatræet ligg på begge sider av Straumselva. Her er grasvaksne flater på begge sider av elva. Desse vert i dag nytta som beite, men var i tidlegare tider brukte som utslåttar og vårstølar. På nordsida av elva ligg det ei markaløe og på sørsida ligg det to markaløer. Frå den sørvestlegaste av desse to markaløene strekkjer den grasvaksne flata seg mot SV i opptil 100 m, der lendet tek til å stiga. Med elva som avgrensing i NV og det stigande lendet i SV og S får flata ei trekantform. Lengst SV i denne trekanten, 80 m frå markaløa, går ein markert åkerreinekant N-S i 17 meters lengde.Flata er no delt av ei O-V gåande grøft. På sørsida av denne grøfta er den grasvaksne flata dekka av tuver og ein del steinar/blokker i marka. På to stader er her større samlingar med steinar/blokker som mogeleg representerer restar etter tufter. Den eine ligg 70 m S for den sørvestlegaste markaløa. Den mogelege tufta er 7 x 6 m stor innvendig. Dei to hjørna på den nordre kortveggen tykkjest klårast markerte med kantstilte heller.20 m lenger mot SV ligg den andre mogelege tufta, som har største lengd O-V. Tufta tykkjest vera vinkelforma og inneheld i alle høve to rom, eit i kvart vinkelbein. Det nordvestlege rommet er 3,5 x 2,5 m stort innvendig og det søraustlege litt større. Dette siste rommet ligg noko høgare i lendet.På den grasvaksne flata N for grøfta er det i dag ikkje råd å påvisa tufteliknande spor. To halvsirkelforma vollar må mest rimeleg tolkast som spor etter elva under flaum.